Heim/Vedtekne/Andre planar A-Å
Gjeldande frå 13. desember 2016

Delegeringsreglement for Aukra kommune

Vedteke i K-sak 113/16 den 13. desember 2016

Kommunestyret plikter å vedta reglement som skal innehalde ei oversikt over kva slags avgjerdsmyndigheit som blir delegert til administrasjonen og til folkevalde organ.

Føremålet med delegeringsreglementet er ei rasjonell og effektiv drift av kommunen til beste for innbyggjarane. Det skal leggjast vekt på rettferdig og lik handsaming i tråd med dei folkevalde sine intensjonar. Kommunestyret er kommunen sitt øvste organ, jf. kommunelova § 6, og treff avgjerd på vegne av kommunen i alle saker, så langt ikkje anna følgjer av lov eller vedtak om delegering. Etter kommunelova kan avgjerdsmynde i alle saker delegerast til formannskap og faste utval, når ikkje anna følgjer av lov. På same måten kan alle saker som ikkje er av prinsipiell karakter delegerast til ordførar, til leiarar av utval og til rådmannen, når ikkje anna følgjer av lov.

Delegeringsreglement frå kommunestyret til rådmannen

Høyringsperioden er avslutta. Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.

Send skjult innspel

Din høyringsuttale til planen vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Meldinga vert ikkje publisert.

A-symbol - grønn

A-symbol - grønn

Tips ein ven Skriv ut