Skal du byggje?

Før du tek til med eit byggeprosjekt må du finne ut om byggearbeidet du ønskjer å utføre krev at du søkjer om løyve. Er du i tvil bør du kontakte kommunen.

Byggearbeid som ikkje krev at du søkjer om løyve
Legg merke til at arbeid som er unnateke frå søknad må vere i samsvar med plan- og bygningslova og føresegner gitt i samband med den, bl.a. arealplanar. Informasjon om gjeldande regelverk kan du få av kommunen. Vær særleg merksam på at mindre frittliggande bygningar må vere plassert minst 4 meter frå nabogrense for å vere unnateke frå søknad.

Arbeid som krev søknad om løyve og som kan utføras av tiltakshavar
Søknaden kan sendast inn og arbeidet kan utførast av privatpersonar
 

Andre byggearbeid som krev søknad om løyve
Søknaden må sendast inn og arbeidet må utførast av føretak kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande.

Generell informasjon og rettleiing om søkeprosessen finn du her.

Må du søke? Prøv vegvisaren DIBK har utvikla. Du finn den her.


Treng du meir rettleiing, kan du kontakte kommunen.
 

Ønskjer du å sende byggesøknaden over internett?
Aukra kommune tek imot elektroniske byggesøknader. Gå til ByggSøk som er eit offentleg system for utfylling av søknader på nettet.

Tips: Les brukarrettleiinga!
 
Ønskjer du å sende søknaden i posten? Skjema finn du på sida til Direktoratet for byggkvalitet.
 
 

 

Tips ein ven Skriv ut