www.aukra.kommune.no

Nettbrett

Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har lav inntekt og store buutgifter. Husbanken og kommunen arbeidar saman om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen v. NAV som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjer.

Kven kan få bustønad?
På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan også prøve bustønadskalkulatoren.

Sjekk om du kan få bustønad
 

Korleis søkjer ein bustønad?
Du søkjer om bustønad elektronisk via eSøknaden. eSøknaden gjer det enklare for både søkjarar og kommunen. Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter. Dersom du får samtykke om bustønad, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Søk om bustønad elektronisk


Du må melde frå om endringar
Du må melde frå om endringar av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid om opplysningane i vedtaket er korrekt.

Meld frå om endringar


Klage på vedtak om bustønad
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.

Slik klagar du på bostøtte


Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på Husbanken sine sider om bustønad  


Regelverk
Lov om bustøtte
Forskrift om bustøtte

 

Tips ein ven Skriv ut