showImage

Boligbonanza på Gossen

Sidan 2001 har det vore nrast ei nr dobling i pris og omsetning av bustader i Aukra. Ormen-utbygginga har sett fart i bustadmarknaden i kommunen.

 

 -         Det er ikkje tvil om at sal av bustader har tatt av på grunn av Nyhamna, seier dagleg leiar i Nylander, Lars Emil Hasselø. Han viser til tal frå Eiendomsverdi som underbyggjer dette.

Frå 1. januar til og med 31. januar 2001, vart det seld 22 hus i Aukra til ein kvadratmeterpris på 5089 kr. Dei fleste bustadane gjekk til ein pris mellom 500.000 og 1.000.000 kroner, dei fleste husa var over 50 år. Samanlikna med salet i 2005 er endringa tydeleg.

 

 Boligbygging

Aukra kommune blir vurdert som attraktiv å bu i – og prisane stig.

 

Heile 38 bustader vart seld i året frå 8. mai 2005 til 8. mai 2006. Kvadratmeterprisen hadde stige til 9308 kr. Dette er ei auke på 82,9 %. Dei fleste hadde ein prislapp på mellom 1.000.000 kr og 1.500.000 kr, men også dyrare bustader har hatt ei markant auke det siste året.

-         Vi ser at folk har spekulert i utviklinga som har skjedd. Dei har venta nokre år med å selje bustaden til den er meir verdt, og dette påverkar sjølvsagt statistikken, forklarer Hasselø.

 

 

Unik i Romsdal

I Romsdal meiner Hasselø det vil vere vanskelig å finne ei tilsvarande utvikling i pris og omsetning. Men framleis ligg snittprisen 9846 kr per kvadratmeter godt under snittet for heile fylket som er på 12.306 kr per kvm. Det er Ålesund, Molde og Kristiansund som trekk opp snittet.

 

Tala frå Eiendomsverdi gjeld både brukte og nye bustader i Aukra. Både nye byggeprosjekt og eldre bustadar har med andre ord fått bein å gå på den siste tida. I ein uformell ringerunde fortel fleire meklarar at dei mange byggeprosjekta på Gossen har gått greitt å selje unna, særleg på Falkhytten.

 

 

Psykologi

Nils Henrik Malme i Terra Eiendomsmegling Romsdal AS ser utviklinga som svært naturleg. Når ein kommune vert vurdert som attraktiv, stig bustadprisane. Utbygginga på Nyhamna har plussa på lista av føremon som finst frå før: Kort ferjereise, kort avstand til Molde og flyplassen, fleire arbeidsplassar, høge inntekter til kommunen som vert pløgd tilbake til lokalsamfunnet i form av betre tenester, generell tru på framtida og optimisme. Auke i folketalet og fødselstalet er fleire sider av same sak.

 

-        Marknaden speglar optimismen i kommunen. Når stemninga er positivt lada, er folk villige til å betale meir. Dette er rein psykologi, seier Malme.

 

Han har sjølv vore på visning i Aukra og merka den positive stemninga som rår. Men meklaren trur at marknaden vil roe seg på sikt.

-         Det er eit lite samfunn som skal absorbere alle endringane. Når utbygginga er over og Ormen skal drivast, vil det stabiliserast, meiner Malme.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut