showImage

Biblioteksjef til Aukra folkebibliotek

Vår biblioteksjef går over i anna stilling og vi søkjer hennar etterfølgjar. Søknadsfrist 20. september.
 showImage.asp?imgID= 3266  

Aukra kommune har ca. 3000 innbyggjarar.  Kommunesenteret ligg på øya Gossen, ca. 30 min. reisetid frå Molde.  Hovudnæringa er skipsbygging/reparasjon, fiske, fiskemottak/foredling og jordbruk.  Kommunen har eit allsidig kultur- og fritidstilbod og godt utbygd kulturskole.

Aukra er ilandføringskommune for gassen frå Ormen Lange-feltet i Norskehavet.  Norske Shell skal ha driftsansvaret frå 2007

Aukra folkebibliotek  -  Biblioteksjef – 100%

Ønska kvalifikasjonar:

-              Bibliotekfagleg utdanning

-              Gode samarbeidsevner

-              Initiativrik, kreativ og utadretta med ønske om å vidareføre biblioteket som ein aktiv

formidlings- og samhandlingsaktør i skole- og kulturliv.

-              God kjennskap til IKT

 

Vi tilbyr eit bibliotek som har:

-              mediakatalog på nett i tett samarbeid med skolane

-              utstillingssamarbeid med kulturskole og kunstlag

-              ei kommuneleiing som er seg bevisst biblioteket sin verdi og funksjon

-              1, 5 tilsette og er organisert under Oppvekst og kultur (OKU)

-              gode rammer for vidare utviklingsarbeid

Lønn:     Etter avtale

Søknadsfrist:        20 sept 2006

Tilsetting: snarast / etter avtale

Kontakt:  Einingsleiar Oppvekst og kultur Ingvild Aas 71 17 15 00

Tips ein ven Skriv ut