Biblioteket flyttar

Biblioteket flyttar inn i gamle Aukraheimen mens det nye kulturhuset blir bygd. Siste opningsdag i Soltun blir fredag 6. juli 2018.

Biblioteket held stengt i nokre veker for å få alt på plass, men reknar med å kunne opne i Aukraheimen mot slutten av august. Vi kjem tilbake med nærare dato.
Dei ber om forståing for litt rot og uorden i biblioteket no mens dei pakkar. Enkelte bøker kan og vere utilgjengelege fordi dei er pakka ned.
Men dei er glade for alle som kjem innom og lånar, for kvar bok som er utlånt blir det ei mindre for dei å pakke ned.

Tips ein ven Skriv ut