Betre sikt ved vanntårnet på Hukkelberg

Etter sprengingsarbeid ved Fv 216 på Hukkelberg blir sikten langt betre for trafikantane. Driftsingeniør Dick Brevik i Aukra kommune opplyser at sprengingsarbeidet vil vere ferdig til jul, og at alt anleggsarbeid skal vere avslutta i midten av januar.

Siktbetringa på Hukkelberg er eit trafikktryggingstiltak i samband med Ormen Lange utbygginga, der Hydro finansierer 50% av kostnadane. - Dette var eit av tiltaka med lavast prioritet, og som derfor blir utført sist, seier Breivik

 

Det er entreprenørane Christer Olsen og Jacobsen Maskin som utfører oppdraget for kommunen. På nyåret blir det utsprengte området planert og kledd med sand, og når våren kjem skal det bli lagt på jord.

 

Tips ein ven Skriv ut