Bergetippen barnehage

Bergetippen barnehage

Kontaktinformasjon

Besøksadresse Vollskaret 4 6409 Molde
Postadresse Nyjordvegen 12 6480 Aukra
Synnøve Karin Rishaug Styrar 71 17 14 88 / 905 71 168
Astrid Rønning Ass. styrar 71 17 14 85
Oddrun Dahle Fagerlie Merkantil 71 17 14 87

 

Direktenummer til avdelingane  
Furukongla 992 65 511
Maurtua 416 95 049
Nisseberget 907 12 083
Revehiet 993 19 619
Trollberget 907 18 163


Eigarform
Bergetippen barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage.

Organisering
Barnehagen har fem avdelingar. Avdelingane Trollberget og Nisseberget er storbarnsavdelingar, med 18 barn over 3 år på kvar avdeling. Avdelingane Maurtua og Furukongla er småbarnsavdelingar, med 9 barn under 3 år. Revehiet ei avdeling med barn frå ca 2 år.
Det blir noko fellesaktivitetar for barn som høyrer til same kull. Til dømes har førskulebarna eigen klubb og Kultursekken kjem med forestillingar for dei to eldste årskulla i løpet av året. Ved slike aktivitetar har vi samarbeid på tvers av avdelingar.

Vi har også mange fellesaktivitetar for heile barnehagen i løpet av eit barnehageår. Det er til dømes ski- og akedag, felles sommartur, Nissefest, sommarfest og fleire temafestar.

Opningstider
Måndag til fredag kl 07.00-16.30.

Nærmiljø
Barnehagen har fått namnet sitt etter Bergetippen som ligg rett bak barnehagen.

Innanfor gjerdet vårt har vi eit veldig variert leikeområde, der øvste del er eit fantastisk område med skog og berg. Elles har vi fleire sandkasser, disser, ferge og andre leikeapparat. I tillegg har vi grillhytte, snekkarbod, fotballbane, akebakke, plener og asfaltert område. På tunet har vi epletre og bærbuskar. Dei aller yngste barna har vore på langtur når dei har gått ein tur oppi skogen innanfor gjerdet.

På andre sida av gjerdet har vi Julsundet skole, så det ligg fint til rette for å bli kjent med skulen lenge før barna skal starte der. Samfunnshuset i Julsundet ligg også på skulen.

Det er kort veg til turmål i alle retningar frå barnehagen. Skal vi til sjøen er det undergangar under hovudvegen, så det er trygt å gå.
Avdelingane går ofte på tur til Trollskogen, Astridhaugen, Rullebakkane, Bergetippen, Seterbukta, Hollingsbukta osb.

Pedagogisk plattform
Bergetippen barnehage - det skapande barnet:
Bergetippen barnehage ligg i eit flott område i Julsundet. Ein viktig del av det pedagogiske arbeidet er basert på aktivt friluftsliv, der ein har faste turdagar i nærområdet. Det er kort veg til sjøen, nøtteskogen, Astridhaugen og områda rundt Bergetippen. Ofte vert det laga til måltid ute. Mange i personalet har Fiskesprellkurs, med vekt på mykje bruk av fisk og sjømat i barnehagen. Gjennom friluftsliv og sunt kosthald legg ein folkehelseperspektivet til grunn, med å tenke helse i alt ein gjer.

Bergetippen har ein tydeleg profil på kultur og aktiv språksatsing. Kommunen har utarbeida ein felles plan for Aukrabarnehagen - "Bli kjent med Aukra" - der barnehagen skal presentere barna for lokal historie og nye og gamle kulturminne for å bli kjent med ulike kulturelle aktivitetar.

Å meistre språk og omgrep i tidleg alder er basis for læring på alle andre viktige område.

Barnehagen er første del av utdanningsløpet til barna, og forsking viser at det er klare samanhengar mellom 3-åringar sitt språk og meistring i vidaregåande skole. Gjennom bevisst og systematisk arbeid med barna sitt språk, vil barnehagen vere med og legge eit godt grunnlag for at barna gjennom god meistring av språk kan medverke og samhandle med andre. Bergetippen har hatt eit samarbeid med nynorsksenteret i Volda, der ein har arbeidd med å fremje språkmedvit, språk- og leseglede og medverknad gjennom barna si eiga tekstskaping. Det er utvikla eit lokalt forankra språkprosjekt, med metodikk og materiell for å arbeide systematisk med ordforråd og omgrep. Prosjektet blir brukt som ein god metode i kombinasjon med ulike måtar å arbeide med språk på. Alle avdelingar brukar "Troll med ord" kvar veke, og ord og omgrep blir tekne med vidare i aktivitetar og kvardagssamtalar. Bergetippen gjennomførte våren 2013 eit utviklingsarbeid i IKT: Det skapande barnet - IKT i barnehagen. Utviklingsarbeidet tok utgangspunkt i språksatsinga i barnehagen. Dei eldste barna arbeidde gjennom året med eigne teikningar og tekster, med grunnlag i "Troll med ord". Dette blei trykt som bok, og barna brukte boka til å planlegge og produsere ein animasjonsfilm saman med prosjektleiar. Personalet får også IKT-opplæring på fleire område. Kompetansen barn og personale får gjennom utviklingsarbeidet blir ein del av Bergetippen sin pedagogiske profil vidare.

Satsingsområde
Friluftsliv, språk og kultur.

Barnehagen sin visjon: "Vi vil vekse!"
Velkomne til oss!

 

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar