showImage

BBC på Aukra

I samband med opninga av Langeled i Easington i oktober, laga den britiske tv-giganten BBC ein førehandsomtale om Ormen Lange og Aukra. Måndag vitja eit britisk filmteam Nyhamna og kommunehuset.

 BBC intervju

Caoline Davis og Mandy Ingham frå BBC intervjua ordføraren om kva Ormen Lange har å seie for Aukra.

 Nokre hektiske timar fekk filmteamet på seg til å fange opp eit inntrykk av Ormen Lange og Aukra då dei vitja kommunen måndag 25. september. Innslaget skal brukast som førehandsomtale av opninga av Langeled i Easington, og vil bli vist på BBC lokalt i England, med om lag 500 000 sjåarar. Ordførar Aud Mork blei intervjua om kva ringverknader Ormen Lange og utbygginga har for Aukrasamfunnet.

 

I lag med andre representantar frå kommuneadministrasjonen, fylket og skoleelevar frå Aukra, reiser ho til Easington og London i samband med opninga. Måndag 16 oktober er Mork invitert til den offisielle opningsseremonien i London, der både den britiske statsministeren Tony Blair og Jens Stoltenberg vil vere til stades. Tirsdag 17. oktober vert opninga feira med pomp og prakt i Easington og Berverly.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut