Barnevernstenesta

Aukra kommune har eit administrativt vertskommunesamarbeid med Molde kommune om felles barnevernsteneste. Dei tilsette har hovudkontor i Molde,
med kontordagar  i Aukra. Gjer gjerne ein avtale på førehand. Kontoret er på helsesenteret.

Hovudkontor Molde : 71 11 10 00 (sentralbord)
Kontor Aukra : 71 17 15 00 (sentralbord kommunehus)

Etter kontortid (klokka 15.40), ta kontakt med barnevernvakta på tlf. 976 01 616 dersom det er behov.
Alarmtelefon for barn og unge er 116 111 (gratis).

Barneverntenesta skal ta i vare dei oppgåvene som er omtala i Lov om barnevernstjenester.
Føremålet med barneverntenesta er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa eller utviklinga deira, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Barneverntenesta skal også bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår i kommunen. Når barneverntenesta set i gong tiltak for barn, skal det leggjast avgjerande vekt på finne tiltak som er til det beste for det einskilde barnet.

Barnevernet samarbeider med  skular, barnehagar, helsestasjon, NAV, jordmorteneste, Barne- og Ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP) og Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT).

Omsorg for, og oppseding av barn, er i første rekkje foreldre sitt ansvar. Foreldre kan likevel ha behov for hjelp i kortere eller lengre perioder, til dømes på grunn av en vanskeleg livssituasjon. Her kan barnevernet komme inn å bistå barn og familiar slik at barn vert sikra gode levekår og høve til utvikling.

Barnevernet sine viktigaste oppgåver er:

  • Ta vare på utsatte barn. Beskytte barn mot omsorgssvikt og motverke at barn lid fysisk og psykisk overlast.
  • Å gje hjelp og støtte. Setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien.
  • Ansvar for å gripe inn – eventuelt mot foreldra si vilje, dersom tiltak i heimen ikkje er tilstrekkeleg for å ivareta behovet til barnet.

Barneverntenesta for Molde, Midsund, Aukra og Eide
Barnevernet.no

 

Tips ein ven Skriv ut