Barn som balanserer på ein trestamme

Barnehageplass i Aukra

KONTAKTINFORMASJON

Aukra kommune
Pedagogisk rådgjevar, Kommunehuset
Aukraringen 25
6480 Aukra
Tlf      : 71 17 15 00
Epost : post@aukra.kommune.no

 

RETT TIL PLASS

Kommunen har plikt til å tilby plass i barnehage til barn under opplæringspliktig alder. Du har rett til plass dersom barnet bur i kommunen, har fyllt 1 år innan utgangen av oktober det året du søkjer plass fra, og har søkt innan fristen for hovedopptaket. Dersom barnet vert 1 år i løpet av august det året det vert søkt om plass, har barnet rett på plass innan utgangen av august. Dersom barnet fyller 1 år i september eller oktober det året det vert søkt, har barnet rett på plass innan utgangen av den månaden barnet vert født. Aukra kommune har eitt hovedopptak i året.

Plassar som vert ledige i løpet av året vert fortløpande tildelt til søkjarar som står på venteliste.

OPPTAK

Kommunen legg til rette for eit samordna opptak. Du søkjer på same skjema til alle barnehagane i kommunen. Søknadsskjema for barnehageåret ligg i menyen til høgre. Kvart år vert det i løpet av januar lagt ut nytt skjema til hovedopptaket. Fristen for å søkje hovedopptaket er 1.mars og oppstarten for nytt barnehageår er 15.august.

Tildeling av plass skal skje etter fastsatte opptakskriterier.

Barnehagelova § 13. Prioritet ved opptak, gjev barn med nedsatt funksjonsevne og barn som det er fattet vedtak om etter lov om barnevernstjenester §4-12 og 4-4, rett til prioritet ved opptak.

Ved ledig kapasitet gjennom året, vil ein fortløpande ta inn barn frå ventelista. Barnet må vere fyllt 1 år. Dersom det er fleire på venteliste, vert det prioritert etter følgjande kriterier :

  1. Barn med spesielle behov der barnehageplass er tilrådd av fagleg instans som t.d PPT, lege eller helsesøster.
  2. 5-åringar som ikkje har gått i barnehage før.
  3. Barn frå familiar der begge foreldra / einsleg forsørgjar er i arbeid / under utdanning.

Stiller barna elles likt, skal den som har søkt først, ha fortrinn.

( Jfr. Kommunale vedtekter for Aukrabarnehagen )

Uttale frå sakkunnig instans må ligge ved søknaden dersom barnet ditt har rett på prioritet til plass.

Foreldrebetalinga  i Aukra kommune følgjer det regjeringa har satt som makspris. Betaling for kost og eventuell ekstradag / tid kjem i tillegg.

Tips ein ven Skriv ut