Barnehageplan

Aukra kommune har som mål at det skal vere høg kvalitet og likeverdig tilbod i Aukra sine barnehagar. Barnehageplanen vil legge grunnlaget for strategiar og mål for tiltak som skal styrke kvalitet og innhald i barnehagar i Aukra.

Barnehagen er ein viktig fyrste del av barn sitt utdanningsløp. Foreldra har hovudansvar for barna si oppseding. Men barnehagen har også ansvar for å ivareta barna sine behov for omsorg, danning, leik og læring.

For å sikre at alle barn uavhengig av barnehage eller avdeling får eit likeverdig tilbod med høg kvalitet, vil ein i planperioden mellom anna utarbeide kommunale standardar for god pedagogisk kvalitet på fleire område. I tillegg har planen fokus på å sikre rekruttering av førskulelærarar, og at dyktige tilsette held fram i jobben.

Planen er vedteken i Aukra kommunestyre, K-sak 65/14.

Tips ein ven Skriv ut

Vedlegg