4 barn som sitter på vegen

Barnehage

Barnehagar i Aukra

Samfunnsmandatet til barnehagen er å tilby barn under opplæringspliktig alder eit omsorgs- og læringsmiljø som er til det beste for barna. Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd og eit velferdstilbod til småbarnsforeldre. ( Rammeplanen )

Barnehagane i Aukra skal vere av høg kvalitet og ha eit likeverdig tilbod.
Barnehagemynde ved Rådmannen har ansvar for å sikre at barna får eit godt pedagogisk og trygt barnehagetilbod.

Utdanningsdirektoratet si nettside Barnehagefakta presenterar nøkkeltal om norske barnehagar. Følg lenkja for å sjå tal frå Aukra kommune.

Aukra kommune har to kommunale og ein privat barnehage.
Alle barnehagane er heildagsbarnehagar. Ein kan søkje ulike plasstilbod. 100 % og 80 % er mest brukt, men ein har og høve til å søkje 60%, 50% og 40 %. Detaljert oversikt finn de i søknadsskjema i høgremenyen.

Kommunen er godkjennings- og tilsynsmynde for all barnehageverksemd i Aukra. Kommunen har og ansvar for eit samordna barnehageopptak.

FRISTEN FOR Å SØKJE TIL HOVEDOPPTAKET ER 1.MARS KVART ÅR.

Søknadsskjema for barnehageåret 2017 - 2018 ligg her på nettsida, i høgremargen og under skjema a-å.

Lov om barnehager

Rammeplan for barnehagen

Tips ein ven Skriv ut