barnehage

Barnebo barnehage

Kontaktinformasjon

Besøksadresse Furutun Hjertvikvegen 10 6480 Aukra  
Besøksadresse Riksfjord Riksfjordvegen 189 6480 Aukra  
Postadresse Nyjordvegen 12 6480 Aukra  
Sissel Oliv Garseth Styrar 71 17 14 40
906 04 459
Kontor på Riksfjord
Hanne Margrethe Sporsem Skarshaug Ass. styrar 71 17 14 49 Kontor på Furutun
Evy Marita Pettersen Merkantil 71 17 14 48 Kontor på Furutun
Malin Ilestad Språkressurs /
Spesialpedagog
71 17 14 40 Kontor på Riksfjord

 

Direktenummer til avdelingane
FURUTUN
Blåklokka 90 61 69 34
Kvitveisen 90 63 04 59
Skogstjerna 90 67 81 96
Røsslyngen 97 72 42 13
RIKSFJORD
Skogtrolla 95 03 77 64
Bergtussane 47 64 87 86
Maurtua 48 86 68 74
Sjøstjerna 46 94 83 64



Eigarform
Barnebo barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage.

Organisering 
Barnehagen har 8 avdelingar med 18 plassar, fordelt på husa Furutun og Riksfjord.  4 av avdelingane er for barn frå 0-3 år, og 4 avdelingar for barn fra 3- 5 år.
Barnebo barnehage vart opna i 1975 med ei avdeling på Falkhytten. Etter kvart utvida barnehagen med ei avdeling til på Falkhytten og seinare ved Breivik Skole. Dei siste åra har barnehagen hatt avdelingar på Falkhytten, Aukratun, mellombels i Aukrahallen og i 2007 opna nybygget Furutun. Sommaren 2014 la vi ned huset på Falkhytten, og i løpet av 2014 - 2015 flytta avdelingane på Aukratun til Riksfjord. No har vi 4 storbarnsavdelingar på Riksfjord, og 4 småbarnsavdelingar på Furutun.
Kommunestyret har vedteke å bygge nytt barnehagebygg på Aukratun-tomta. Det skal stå ferdig ved nyttår 2021.

Opningstider
Vi har ope fra klokka 7.00 - 16.30

Nærmiljø
Furutun ligg inne ved Hukkelberget, i krysset ned mot Hjertvika. Vi brukar nærområdet vårt aktivt. Hekseberget, Aukraskogen, Hallingshaugen, Hallingshauhålå og  gartnerfjøra er gode eksempel på naturområder som ligg i gangavstand, og som vi ofte besøkjer. Med dei yngste barna kan vi gå "100 meter på tur" i skogen rett ved sidan av barnehagen. Her har vi ordna oss eigen bålplass. Leikeplassane på Hukkelberget og ved Aukrahallen er og flittig brukte turmål for oss.

Avdelingane våre på Riksfjord er lokalisert i den nyaste delen av "gamle Riksfjord skole", rett attmed kunstgrasbana ved Riksfjord stadion.Turmåla våra er Emmershaugen, Gapahuken bak stadion, Haukeskogen og fjøra. Vi finn heile tida nye område eller aktivitetar som vi vert nysgjerrige på. 
Alle husa har gangveg til, og ikkje altfor lang avstand til sentrum. Her stikk vi innom biblioteket, kommunehuset, frivilligsentralen, brannstasjon eller butikkane.
 

Pedagogisk profil og verdigrunnlag
Barnebo barnehage - i møte med barnet.
Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, tryggleikssirkelen og Reggio Emilia- filosofien sitt syn på barn og læring, er utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. At vi er glad i naturen, sett farge på aktivitetar, tema og prosjekt. Vi er mykje ute, og stadig på tur i det allsidig flotte naturterrenget kring barnehagen.


Omsorg, leik, læring og danning spelar saman i eit heilskapleg syn på barn og barndom. Ei av primæroppgåvene våre er å gje barn omsorg. Det er ein føresetnad for barna sin tryggleik og trivsel, og for utvikling av empati, nestekjærleik og livsmeistring. Ny forskning viser at omsorg utviklar hjernen.  Vi byggjer omsorgsfulle relasjonar ved å lytte til barnet, vere nær og vise vilje til innleving og samspel. Med utgangspunkt i tryggleikssirkelen møter vi barna på ein slik måte at dei vert trygt tilknytta oss vaksne i barnehagen, og kan bruke tida si på å leike, lære og utforske. Vi vaksne skal støtte barnet slik at både behovet for utforsking, meistring og sjølvstende, og behovet for å komme til oss for trøst, beskyttelse, rettleiing og bearbeiding av følelsar, vert teke i vare på ein god måte. Fanget til dei voksne er ein inngangsport til å delta i leik, og ein ladestasjon for barna mellom slaga.
Leiken er ei grunnleggjande livs-og læringsform som barnet utrykkjer seg gjennom, og den viktigaste arbeidsmåten vi har. Den har stor eigenverdi for barnet her og no, og i barnehagen har den ein stor og viktig plass. Leiken er ein arena for barn si utvikling og læring, og for sosial og språkleg samhandling. Alle barn skal oppleve vennskap og deltaking i fellesskapet.
Å ta barnet på alvor og vise det respekt er sentralt i Barnebo sitt syn på barn. Vi lyttar til barna, ser kva dei interesserar seg for og er nysgjerrige på - kva er magneten deira ? For så å inspirere dei til å utforske verda vidare og skape gode vilkår for læring og danning.
 

"Kunnskap er noe som vi ( barnet og eg ) skaper saman i dialog med alt som er rundt oss" ( Lyttende pedagogikk, Åberg og Taguchi ). I Reggio Emilia - filosofien sitt syn på barn og læringsprosessar er det avgjerande å fokusere på alle dei tre pedagogane :
Barnet : Er kompetent og nysgjerrig. Dei kan og vil, medverke og lære !
Vaksne : Lyttar og er medforskarar.. "Pedagogers ansvar er å vise et våkent, et nysgjerrig og kompetent barn, med vilje og kraft til å lære om livet" ( Loris Malaguzzi )
Rommet :  skal inspirere, invitere til gode utviklande og artige aktivitetar. Det skal vere tilgjengeleg for barnet.  Uterommet er like viktig som innerommet.

Vi vaksne på Barnebo er mogleggjerarar. Vi meiner at kva barnet lærer, og korleis det skjer, er eit svar på dei moglegheitene vi gjev. Kreative prosessar, skapande aktivitetar og prosjekt, med utgangspunkt i barna sin magnet, pregar det pedagogiske innhaldet.

For å følgje barna, undre oss saman med dei, og vere medforskarar, nyttar vi pedagogisk dokumentasjon som metode. Vi reflekterer kring dokumentasjon ( bilder/praksisforteljingar ), og utvidar barna sitt perspektiv og erfaringar utifrå det vi ser og forstår. Slik tek dagane, prosjekta og aktivitetane nye vegar etter kvart som vi søkjer kunnskap saman. Å stille spørsmål blir like viktig som å finne dei rette svara. At vi lyttar til barna, skal gjere ein forskjell !

Kva kan eit barn bli ? I ei heilskapleg tilnærming som tek arenaene for omsorg, leik, læring og danning på alvor, lyttar til barnet og skaper moglegheiter, kan ein tenkje seg innovative, undrande, kunnskapshungrige og handlekraftige barn. Barn med god nok sjølvkjensle til å tørre å skape og utvikle, og med ønskje om å ta vare på det som er viktig for ei berekraftig utvikling inn i framtida.

 
Glad i naturen

Det kompetente, kreative og nysgjerrige barnet er utgangspunktet vårt for aktivitetar og temaarbeid. Vi legg til rette for at barna skal få undersøke og teste  hypotesene sine i eit stimulerande miljø.

Respekt for alt liv, gjenbruk for eit betre miljø og ei berekraftig utvikling og mykje ute på tur i friluft, er viktig for oss.

Vi vil vere mykje ute, i allslags ver. Både på leikeplassane og på tur til ulike turmål og naturområder. Dersom vi finn noko vi vil forske vidare på eller bruke i ein formingsaktivitet, kan vi fortsetje på det når vi er inne. Internett og bøker vil vere kilder der vi vil søkje kunnskap saman med barna.

Vi ønskjer å få gjenbruksmateriale frå bedrifter og privatpersonar. Gjenbruk er viktig i eit miljøvern-perspektiv. I tillegg er dette gjerne kjønnsnøytralt materiale som utfordrar barna til å vere kreative og nyskapande.

Å vere glad i naturen skal vere ei haldning som set preg på innhaldet i barnehagen på mange måtar. Vi arbeider tverrfagleg og rammeplanen har prosessmål innan 7 ulike fagområde. I  årsplanen vår skriv vi litt om kva temaet kan vere innafor fagområda. Avdelingane vil sjølv velje sine tema og prosjekt utifrå interesser og magnetar * i barnegruppa.

Rammeplanen seier at barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Desse haldningane og verdiane er ein del av danningsprosessen til barna. Dei skal utvikle ei forståing av kor viktig dette er.

Magnetar*: Det barna likar å halde på med. Det som fangar interessa og pirrar nysgjerrigheita deira.

Velkommen til oss !
 

Tips ein ven Skriv ut

Tenesteforklaringar