Brann

Bålbrenning og bruk av eld i skog og mark

I tidsrommet 15. april  - 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark, utan særskilt løyve.

Visst du skal gjere opp eld utandørs, er det viktig at du er klar over at du har ein generell plikt til å vise varsemd for å unngå brann. Brott på plikta om varsemd kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Det betyr at du alltid må vurdere om det er forsvarleg å tenne opp eld.

Lokalt forbod mot open brenning
I Aukra kommune er det innført ei lokal forskrift som skal hindre forureining og helseproblem gjennom forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovnar. Det inneber mellom anna forbod mot brenning av hageavfall. For avhending av avfall viser ein til Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonselskap (RIR). Hageavfall kan ein levere avgiftsfritt hos RIR.

Unntak frå forbod
I forsvarleg avstand frå skog og mark kan det gjennomførast open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffebål utan særskild løyve frå brann- og redningstenesta. Ranke- og flatebrenning i skogbruket og halmbrenning i jordbruket er tillate. Ein skal sende melding til brann- og redningsteneste i god tid før slik brenning. Det er eit krav at det er ein ansvarleg leiar som utarbeider planar for brenninga. Han skal og sjå til at brenninga vert gjennomført på ein forsvarleg måte.

Søknad om løyve til bålbrenning
Etter søknad til brann- og redningstenesta (søknadsskjema finn du i høgremenyen) kan ein, etter vurdering av kvart einskild tilfelle, gje løyve til bålbrenning eller bålarrangement. Alle bålplassar for Sankthansbål og tilsvarande bålarrangement, skal meldast til brannsjefen. Det vert ikkje gjeve løyve til avfallsbrenning. Bål av reint avfallstreverke (ikkje impregnert) kan ein tillate.

Oppgjort eld må ikkje bli forlatt før den er fullstendig sløkt.

Tips ein ven Skriv ut