Avlasting for familiar med særleg tyngande omsorgsarbeid

Avlasting skal gjere det mogleg for pårørande å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og ha moglegheit for nødvendig og regelmessig fritid.

Innhaldet i avlastingstenesta er ivaretaking av grunnleggande behov, omsorg og tryggleik som til vanleg vert ytt i heimen. Avlastingstilbod i Aukra kommune kan vere tiltak i heimen, avlasting i privat heim, avlasting i Aukra avlastingsbustad, dagopphald, kortidsopphald ved Aukraheimen og andre tenester som kan vere til avlasting for omsorgsytar. Tenestene blir utarbeidd i tett samarbeid med omsorgsytar. Pårørande får tildelt avlasting der søknad om teneste er for å ivareta pårørande og ikkje ei vurdering ut frå helsetilstand, observasjon eller behandling av brukar.

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
Telefon: 71 17 11 30
e-post: post@aukra.kommune.no

Einingsleiar heimetenester Jorunn Hurlen tlf 71 17 14 22 / mobil 480 62 984
Einingsleiar institusjonstenester Siri Halvorsen  mobil 976 45 133
 

Tips ein ven Skriv ut