Hagen ved Aukraheimen

Avlastingsopphald i institusjon

Avlasting skal gjere det mogleg for pårørande å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og ha nødvendig og regelmessig fritid.

Innhaldet i tenesta er ivaretaking av grunnleggande behov og den omsorg og tryggleik som til vanleg vert ytt i heimen. Ved avlastingsopphald skal pasienten sjølv dekke utgifter til medisinsk behandling på same måte som i heimen. Utgifter til aktivitet, reiseutgifter og personlege innkjøp under opphaldet, må brukar dekkje sjølv.  Tenestene blir utarbeidd i tett samarbeid med omsorgsytar. Pårørande får tildelt avlasting der tenesta skal ivareta pårørande og ikkje vurdering av helsetilstand, observasjon eller behandling av brukar.

Kontakt:
Besøksadresse: Aukraheimen, Aukravegen 303, 6480 Aukra
Postadresse: Nyjordvegen 12, 6480 Aukra
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30
Einingsleiar Siri Halvorsen  mobil 976 45 133
 

Tips ein ven Skriv ut