Avlasting

Avlastingstilbod for barn og unge

Aukra kommune gir tilbod om avlasting til familiar som har særskild tyngande omsorgsoppgåver. Tenesta skal avlaste familiane og gi dei nødvendig fritid og ferie.

Avlastingstilbod for barn og unge blir ytt i kommunal avlastingsbustad eller i privat heim. Hjelpeomfanget blir vedteke ut i frå behovet. Omfanget kan variere frå nokre timar/ døgn/ helger per månad til meir omfattande ordningar.

Målsetting:
Utvikle eit tenstetilbod i samsvar med brukarane sine behov
Skape trivsel for brukarane i eit trygt og omsorgsfullt miljø
Ha eit godt samarbeid med omsorgspersonane og skape eit positivt miljø for brukarane.
Ha tilsette med god kompetanse og gode ferdigheiter

Aukra avlastingsbustad for barn og unge er ein nybygd, midlertidig avlastingsbustad som ligg ved Aukra Dagsenter på Falkhytten.

Avlastingstenesta gir tilbod innanfor aldersgruppa 0-18 år.

Tilbodet er gratis. Utgifter til aktivitet, reiseutgifter og personlege innkjøp må brukar dekkje sjølv. Ved avlastingsopphald skal pasienten sjølv dekke utgifter til medisinsk behandling på same måte som i heimen.

Kontakt:
Postadresse: Aukraheimen, Nyjordvegen 12, 6480 Aukra 
e-post: post@aukra.kommune.no
Telefon 71 17 11 30
Einingsleiar institusjonstenester Siri Halvorsen  mobil 976 45 133
Avdelingsleiar Aukra Avlastingsbustad  Wenche Elin Småge, tlf. 71 17 30 02.

Lovgrunnlag:
Retten til avlasting er nedfelt i Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester:

§ 3-2, d: Avlastingstiltak for personer og familier med et særlig tyngende omsorgsarbeid. De som har særlig tyngende omsorgsoppgaver kan kreve at kommunen fatter vedtak om tiltak. Avlastingstjenester skal gi omsorgsyterer nødvendig og regelmessig fritid og ferie og mulighet for å delta i vanlige aktiviteter.

Andre lovverk:
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester kap. 9: Rettsikkerhet ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personer med psykisk utviklingshemming.
Lov om pasient- og brukerrettigheter: Sikre befolkninga lik tilgang på tjenester av god kvalitet ved å gi pasienter og brukere rettigheter overfor helse og omsorgstjenesten.
Forvaltningsloven: Lov om behandlingsmåten i forvaltingssaker.
 

Tips ein ven Skriv ut