hånd i hånd

Aukra omsorgssenter

Aukra kommune skal bygge nytt omsorgssenter. Bygget skal etter plana stå ferdig 24.04.2018. Seks entreprenørgrupper er pre-kvalifisert til å delta i konkurransen om bygging av omsorgssenteret.

Konkurransegrunnlaget vart sendt ut 02.09.2015 og tilbydarane skal levere sine forslag innan mandag 11.januar 2016.

Konkurransegrunnlag
Konkurransegrunnlaget for omsorgssenteret.   
Rom-matrise  og forklaring til rommatrise

Rapport om velferdsteknologi på omsorgsfeltet
I samband med at Aukra kommune planlegg nytt omsorgssenter har vi i samarbeid med Rauma kommune fått utarbeidd ein rapport som omhandlar velferdsteknologi på omsorgsfeltet. Det er Sintef som står bak rapporten på bestilling frå våre to kommunar.

Rapport frå Møreforskning om framtidas eldreomsorg
Rapporten presenterer resultat av ein litteraturgjennomgang på temaet eldreomsorg,demens og frivillighet. Bakgrunnen er ei bestilling frå Aukra kommune om kva som kan vere gode «konsept» for eldreomsorg i framtida, og kva implikasjonar det har for bygging av eitnytt omsorgssenter. Formålet med litteraturgjennomgangen er å gje kommunen eit breitt kunnskapsgrunnlag for beslutningar både om omsorgsbygg, og framtidig innhald i og organisering av omsorgstenestene for eldre personar i kommunen.

Tips ein ven Skriv ut