Sykkeltur på Julsundfjella nett

Aukra med toppskår på innbyggarundersøking

Aukra oppnår gode resultat i den nyleg gjennomførte borgar/innbyggarundersøkinga utført av analyseinstituttet Sentio. Borgarskåren er svært god og viser at innbyggarane er godt fornøgd med Aukra som ein plass å bu å leve i, seier Arve Østgaard adm.dir i Sentio. Aukra har også eit veldig godt omdøme og en god tilfredsheit på tenestene, og ligger godt over gjennomsnittet for Norge.

I det kontinuerlege arbeidet med utvikling av dei kommunale tenestene, er det viktig å få kunnskap om korleis brukarane opplever tenestene. I tillegg er det avgjerande å få tilbakemelding frå innbyggarane om ulike sider av samfunnet i arbeidet med kommunen sin langtidsplan – kommuneplanen, seier rådmann Ingrid Husøy Rimstad.

Innbyggar/borgarundersøking blir brukt i ei rekke kommunar som grunnlag for samfunnsanalysar og vert gjennomført ved hjelp av analyseinstituttet Sentio. Gjennom bruk av denne standardiserte undersøkinga, kan resultata frå Aukra samanliknast med resultat frå tilsvarande undersøkingar i andre kommunar. Hovudspørsmåla går på korleis det er å leve og bu i Aukra, vurdering av dei kommunale tenestene, lokaldemokrati, omdømme, folkehelse og framtidsvurderingar.

Undersøkinga blei gjennomført som telefonintervju til eit statistisk representativt utval på 300 personar.

Analyserapporten finn de i høgremenyen.

Kontaktperson:
Kommunalsjef Geir J. Göncz, Aukra kommune
Adm.dir Arve Østgaard, Sentio Research AS

Tips ein ven Skriv ut