hånd i hånd

Aukra kommune si målsetting for pleie og omsorgstenestene

Alle innbyggjarar i Aukra kommune med behov for bistand for å meistre eigen kvardag, skal få nødvendig behandling og omsorg med høg fagleg kvalitet. Tenestene skal i stor grad vere heimetenesteorienterte og ikkje institusjonsorienterte. Einingane har eit tett samarbeid i tildeling og yting av tenester.

Pleie og omsorgstenesta sitt søknadsskjema skal brukast ved søknad om tenester. Skjemaet kan lastast ned frå heimesida til kommunen, hentast ved heimetenesta, Aukra omsorgssenter eller ekspedisjonen på kommunehuset.

Tenestene blir tildelte etter einskildvedtak på bakgrunn av individuell kartlegging av behov, i tråd med lov og forskrift. Formåla med dei kommunale helse- og omsorgstenestene er å legge til rette tenester slik at mottakar kan leve eit så godt liv som mogleg. Tenestene skal bygge opp under menneske sin eigen evne til å meistre sin kvardag.

Håndbok om helse og sosialtjenesten i kommunen
 

Tips ein ven Skriv ut