Sykkeltur på Julsundfjella nett_570x360

Aukra kommune gjennomfører innbyggarundersøking i november

Innbyggarundersøkinga skal medverke til å sette fokus på utviklinga av dei kommunale tenestene samt til kommunen sin nye langsiktige kommuneplan.

I det kontinuerlege arbeidet med utvikling av dei kommunale tenestene, er det viktig å få kunnskap om korleis brukarane opplever tenestene. I tillegg er det avgjerande å få tilbakemelding frå innbyggarane om ulike sider av samfunnet i arbeidet med kommunen sin langtidsplan – kommuneplanen, seier rådmann Ingrid Husøy Rimstad.

Innbyggar/borgarundersøking blir brukt i ei rekke kommunar som grunnlag for samfunnsanalysar og vert gjennomført ved hjelp av analyseinstituttet Sentio. Gjennom bruk av denne standardiserte undersøkinga, kan resultata frå Aukra samanliknast med resultat frå tilsvarande undersøkingar i andre kommunar. Hovudspørsmåla går på korleis det er å leve og bu i Aukra, vurdering av dei kommunale tenestene, lokaldemokrati, omdømme, folkehelse og framtidsvurderingar.

Intervju med eit representativt utval av om lag 300 innbyggarar i Aukra vil skje pr. telefon i perioden 6. - 17. november, og resultata vil ligge føre i ein rapport til kommunen før jul.

Blir du oppringt av tlf.nr. 616 01 127 eller 731 02 100 om Innbyggarundersøkinga i Aukra, er di meining viktig, seier prosjektleiar i Sentio, Arve Østgård som skal stå for undersøkinga.

Tips ein ven Skriv ut