showImage

Aukra i sterk vekst

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå syner at innbyggjartalet i Aukra har vakse med 1,6 % sidan i fjor, det vil seie 49 innbyggjarar, frå 3055 i 2005 til 3099 i 2006 (01.01.2006). Kommunen ligg dermed på 37 plass i folkeauke i Noreg. Aukra har den same vekstprosenten som Oslo.

Veksten i Aukra er ikkje ny av året, men følgjer ein tendens som har vore gjeldande dei siste fem åra. I denne perioden har folketalet auka med 2,8 %, 82 personar.

Også andre nabokommunar har auka i folketal: Fræna har gått frå 9023 til 9088 innbyggjarar (0,7%), Eide frå 3304 til 3342  (1,2%) innbyggjarar. I Molde auka innbyggjartalet frå 24124 til 24146, altså 0,1 %. Midsund, Sandøy, Averøya, Nesset har gått tilbake.

 

 Leiligheter, Falkhytten Folketalet i Aukra veks, og det er behov for nye bustader. I sentrum er alle leilegheitene i Aukra borettslag allereie utseld.
Tips ein ven Skriv ut