showImage

Aukra definert som distrikt

Aukra er ein av 24 kommunar som fr nyret vert definert som distrikt. Det betyr at fleire lokale bedrifter kan f statleg sttte til investeringar.

Med den nye ordninga kan bedrifter i kommunen søke Innovasjon Noreg om lån eller tilskot til investeringar. I lag med fem andre kommunar i fylket, Herøy, Volda, Ørsta, Haram og Vestnes, kjem Aukra inn under det såkalla virkeområdet for distriktsretta verkemiddel, som skal gjelde frå 2007-2013. Tiltaket skal gjere det lettare og meir lønsamt å drive bedrift i utkant Noreg, melder Nationen i dagens utgåve.

- Det er gledeleg at kommunen vert definert som distrikt. No får næringslivet nye muligheiter til å søke på ulike gunstige støtteordningar, som igjen vil styrke det lokale næringslivet, seier rådmann Ole Bjørn Moen. 

 Aukra næringspark

Med den nye distriktsordninga vert det lettare for bedriftene i Aukra næringspark å få statleg støtte til investeringar.

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut