showImage

Aukra dårleg på likestilling

Aukra kommune har kvinneleg ordførar, men hamnar på ein 360. plass i likestillingsindeksen for 2005 frå Statistisk sentralbyrå. Ordførar Aud Mork skulle gjerne sett at kommunen hadde ei anna plassering.

 

 Aud Mork

Aukra hamna nesten på botn i likestilling, men kan i alle høve skilte med kvinneleg ordførar.

I likestillingsindeksen har SSB samanfatta ulike mål på likestilling som syner i kva grad kvinner og menn deltek i politikk, utdanning og yrkesliv i alle norske kom-munar. På fylkesnivå er Oslo og Akershus på topp, medan Møre og Romsdal er på botn. På kommunenivå kan kvinner og menn i Karasjok og Leikanger smykke seg med plasseringa som dei mest likestilte i Noreg, medan Aukra høyrer til blant dei som bør tenke seg om, i følgje indeksen. Molde tok ein femteplass, og høyrer såleis til blant unntaka  i fylket.

Ikkje fornøgd

Ordførar Aud Mork er ikkje glad for Aukra si plassering.

-        Dette er ein situasjon vi kjenner til, men som vi ikkje er fornøgde med. Vi må stille oss spørsmål om kva vi kan gjere for å legge til rette for fleire kvinnelege arbeidsplassar, også for dei med høg utdanning, seier ho.

Mange av arbeidsplassane i kommunen er bedrifter som tradisjonelt sett sysselset flest menn, som til dømes skipsverft og fiske, og no også Ormen Lange. Mange kvinnelege arbeidsplassar gjekk tapt då fiskeforedlingsbedrifta Vikenco vart lagt ned. Heldigvis har dei no starta opp att, men med færre tilsette.  

Ny barnehage

-         Kva plassering Aukra kommune får i denne indeksen, er dessutan avhengig av kva indikatorar som vert målt, påpeiker ordføraren.

SSB har vurdert likestilling i forhold til desse indikatorane:   Barnehagedekning, kvinner per 100 menn i alderen 20-39 år, utdanningsnivået blant begge kjønn, kvinner og menn i arbeidsstyrken, inntekta til kvinner og menn og tal på kvinnelige kommunestyrerepresentantar.

Kommunen kan skåre maksimalt 4 poeng på kvar av desse og minimum 1.

For barnehagedekning får Aukra 1 poeng, for inntektsnivå 1,5 poeng. Men biletet er ikkje heilsvart. Kommunen skårar høgt når det gjeld tal på kvinner i kommunestyret. Barnehagedekninga er under utbetring: Ny barnehage er første prioritet i det nye budsjettet og vil hjelpe fleire kvinner til arbeid eller vidare utdanning. Det er også ei positiv endring at to av fem medlemmar i plan og økonomi, det gamle formannsskapet, er kvinner. Dessutan har vi kvinneleg ordførar.

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut