Sløkking av brann

Aukra Brann og Redning søkjer/ønskjer nedbrenningsobjekt

Har du eit gammalt bygg som skal rivast og er eigna til røykdykking?

Brannvesen med røykdykkarvberedskap er pålagt å gjennomføre minimum eit varmt røykdykk per år. Dette blir gjort stort sett i containeranlegg, men frå tid til annan bruker vi hus som skal rivast då dette ger oss uvurderleg og veldig realistiske forhold for røykdykking.

Alle objekt vil bli vurderte individuelt.

Kriterium vil vere: tryggleik for mannskap, sikkerheitsavstand og miljøsanering av bygg.

Ta kontakt om du har spørsmål.
 

Mvh

Kjetil Ilestad
Brannmeister
Aukra Brann og Redning

Brannmester@Aukra.kommune.no
Tlf: 470 24 780

Tips ein ven Skriv ut