Framsidebilete kommuneavisa mars 2017

Artikkel i kommuneavisa?

Har di bedrift, lag eller organisasjon lyst til å syne fram alt det flotte som vert gjort, så er det muleg å få plass i kommuneavisa.

Kommuneavisa kjem ut fire gangar i året og syner fram aktiviteten i kommunen, men vi ønskjer også å promotere aktivitetar som lag, organisasjonar og bedrifter i Aukra held på med. I kvar utgåve set vi av minst ei side til lag/organisasjon og ei side til næringslivet.

For at dette skal bli ein realitet, treng vi innspel og artiklar. Den må skrivast av innsendar sjølv, då vi ikkje har utegåande journalistar. Artikkelen bør skrivast på nynorsk, men den må ikkje det, då vi omset den. Bilete er viktig, så send gjerne med gode bilete. Eit bilete i avisa må minimum vere på 1mb. Mindre bilete er vanskeleg å gjere fine i trykt format.

Dersom det er nokon som har interesse av å få stoff inn i neste kommuneavis som kjem ut i slutten av juni, så ta gjerne kontakt med Jan Inge W. Tangen på mail: Jan.Inge.W.Tangen@aukra.kommune.no eller på telefon 913 07 801

Frist for innlevering av stoff til kommuneavisa er 26.mai 2017

Her kan du sjå tidlegare utgåver av kommuneavisa

Tips ein ven Skriv ut