Årsplan for Bergetippen barnehage (klikk her!)

Vi har ein årsplan som gjeld for eitt barnehageår om gongen. Ny årsplan blir vedteke i barnehagen sitt samarbeidsutval kvar haust.

03. juli 2017
Teikning av ordtrolla Stein og Symre. Illustratør Sarah Haensel

Språksatsing i Bergetippen barnehage

Bergetippen barnehage har mellom anna språk som satsingsområde.
Styrar Berit Drejer skriv eigne historier om trolla som bur inne i Bergetippen. Pedagogisk leiar Sarah Haensel teikner illustrasjonar til historiene.

13. mai 2014

Tilknyting og tilvenning i barnehagen

Dei siste åra har vi lært ein del om trygg tilknyting og kor viktig dette er for små og sårbare barn.

Dette har gjort at vi har endra mykje på tilvenningsperioden for dei yngste barna i barnehagen. Nye foreldre/foreldre til nye barn får no ei grundig innføring i den nye måten å jobbe på, og vi vil etter kvart legge ut meir informasjon her på heimesida også.
Intil vidare kan vi jo tipse om Tryggleikssirkelen/COS (sircle of security). Vi har også henta mykje inspirasjon frå Jåttåmodellen.
May Britt Drugli har ein fin video på YouTube om hjernen si utvikling hos dei minste.

09. juni 2016