årsplan

Årsplan for Barnebo barnehage

Alle barnehagar skal ha ein årsplan

Årsplanen er personalet sitt arbeidsreiskap for å styre barnehagen i ei bevisst og uttalt retning. Gjennom årsplanen kan foreldra påverke innhaldet i barnehagen, og den gjev politikarar, kommmunen og andre samarbeidspartar og interesserte informasjon om, og innblikk i den pedagogiske drifta.

Planen skal informere om korleis barnehagen vil arbeide med omsorg, leik, læring og danning for å fremje den allsidige utviklinga til barna, og korleis ein vil gjere dette i samarbeid og forståing med heimen. Den skal og konkretisere kva barnehagen gjer for at barna skal få medverke i kvardagen.

Det er samarbeidsutvalet som fastset årsplanen.

Tips ein ven Skriv ut