A_Symbol_gronn_gronn

Årets Aukraværing 2018

Send oss din nominasjon på årets vinnar.

Ein person, ei bedrift eller ein organisasjon - som har stimulert til nyskaping og positivisme, initiativ og skaparkraft i Aukra, som gjer Aukra til ein ”fole bra” kommune å bu i.

Her er statuttane som ligg til grunn for utmerkinga ”Årets Aukraværing”:

1. Formålet med prisen er å stimulere til nyskaping og positivisme, samt utmerke initiativ og skaparkraft i Aukra. Prisen skal gå til personar, bedrifter eller organisasjonar som på ein eller annan måte har bidrege til- eller med dette i det føregåande år.

2. Ein jury vurderer kandidatane og utpeikar ein vinnar.

3. Prisen kan overrekkast éin gong i året. Overrekkinga skjer på Aukradagen, eventuelt på Aukras kommunes julearrangement før jul.

Din nominasjon sendas til Kultursjef, Anne Jorunn Sandøy

Fristen er: seinast 1. juni 2018


Årets Aukraværing 2018

 Aukra Demensforening, Årets Aukraværing 2017

Tips ein ven Skriv ut