Arealoverføring

Arealoverføring er overføring av areal mellom naboeigedomar, utan at arealet blir oppretta som ein eigen eigedom.

Arealoverføring inneber to tenester/prosessar

  • Godkjenning av arealoverføringa.
  • Oppmåling av ny grense. Grensepunkta blir merka, målte inn og nye grenser blir registrert i eigedomsregisteret.

Du kan bestille begge tenestene samtidig, eller bestille dei kvar for seg. Søknadsskjemaet er det same for begge tenestene, men berre søknad om arealoverføring treng nabovarsel.

Slik søkjer du om arealoverføring

  • Bestill naboliste frå infoland.
  • Send ut nabovarsel basert på lista frå infoland. Du kan bruke papirskjemaet for nabovarsel til Direktoratet for Byggkvalitet (DIBK). Naboane skal ha kopi av dei same vedlegga du sender til kommunen.
  • Send søknadsskjema til kommunen. Hugs at alle eigarar av rørde eigedomar må signere søknadsskjemaet.

Vedlegg

  • Kart som viser ønska grense
  • Gjenpart med kvittering for nabovarsel
Tips ein ven Skriv ut