arbeidskar

Arbeid

Arbeidslaus - kva no?

På nav.no får du god informasjon som kan hjelpe deg vidare.

Registrer deg på nav.no

Du vert då tilgjengeleg for søk frå arbeidsgjevarar, og profilen din kan bli samanlikna mot ledige stillingar i NAV sin stillingsbase.

Skal du søkje dagpengar, må du først registrere deg som arbeidssøkjar. Du finn eige kravskjema for dagpengar på NAV sine heimesider. Der får du i tillegg informasjon om kva vedlegg som er nødvendig, og kvar du skal sende søknaden. Det er  ein eigen søknadsprosess for dagpengar, det er ikkje tilstrekkeleg å registrere seg som arbeidssøkjar. For å få dagpengar må du vere aktiv arbeidssøkjar og søkje på jobbar.

Meir informasjon om dagpengar finn du på NAV sine heimesider.
 

Tips ein ven Skriv ut