Alkoholsal

Sals- og skjenkeløyve
Kommunalt løyve for sal av alkoholholdig drikk til og med alkoholinnhald 4,7 volumprosent og skjenking i alkoholgruppe 1, 2 og 3, kan innvilgast for 4 år av gongen, med opphøyr seinast 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Det er kommunestyret som gjev endeleg løyve.

Søknadsfristar
Søknader om :
- ambulerande skjenkeløyve
- løyve til ei enkelt anledning
- utviding av skjenketid for ei enkelt anledning
må vere kommunen i hende 2 veker før arrangementet vert halde.

Søknad om flytting av skjenkelokale for ei enkelt anledning må vere kommunen i hende 3 veker før arrangementet vert halde.

Skifte av styrar og stedfortredar 2 veker før skifte skal tre i kraft. Saksbehandlingstid: ca. 1 veke etter at søknaden ligg føre.

Gebyr
Ambulerande skjenkeløyve og løyve for eit enkelt høve: kr. 340,- per løyve/arrangement.

Klagerett
Vedtak kan påklagast til Klagenemnda i Aukra. Klagefrist er 3 veker.

2017-02-27