Aktiv senior

Aktiv senior

Aktiv Senior er for deg som er pensjonist og ønskjer å vere med på fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit mosjonstilbod i kvardagen. Du bestemmer sjølv kva som passar for deg og kva av tilboda du ønskjer å delta på.

Medlemskort kostar kr. 300,- per halvår. Dette gir tilgang til alle ordinære aktivitetar i regi av Aktiv senior i Aukra. Elektronisk påmeldingsskjema finn du i høgremenyen. Du kan også ta kontakt med folkehelsekoordinator på e-post og telefon. Innbetalingsgiro vert sendt i posten.

Aktivitetar

Onsdag kl. 13.10 - kl. 14.10 Bassenggruppe på Riksfjord
Det blir høve til å ta del i organisert vassgymnastik leia av fysioterapeut.

Torsdag kl. 11.00 - kl. 13.00 Turgruppe med turleiar
Turar til ulike områda av kommunen og nabokommunar. Eige turprogram kvart halvår. Turane startar i slutten av februar og i august.

Fredag kl. 9.00 - kl. 10.00 Trimgruppe i sal ved kulturskolen (Riksfjord skole)
Trimgruppa vert leia av fysioterapeut.

Utstyr
Bassenggruppe: Ta med bedaklede og vassflaske.
Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke.
Gruppetrening: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs handduk og vassflaske.

Tips ein ven Skriv ut

Vedlegg

Tenesteforklaringar