Aktiv på dagtid

Aktiv på dagtid

Aktiv på dagtid i Aukra er eit tilrettelagt aktivitetstilbod til deg som ønskjer å komme i gong med fysisk aktivitet saman med andre. Vi ønskjer å gje deg eit mosjonstilbod i kvardagen. Du bestemmer sjølv kva som passar for deg og kva av tilboda du ønskjer å delta på.
 
Kven kan delta?
Menn og kvinner mellom 18 og 67 år som bur i Aukra kommune, og står heilt eller delvis utanfor arbeidslivet og mottek:
  • Sjukepengar
  • Uføretrygdingar
  • Overgangsstønad
  • Dagpengar
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Sosialstønad
  • Deltakarar i kvalifiseringsprogrammet

Medlemskort kostar kr. 300,- per halvår. Dette gir tilgang til alle ordinære aktivitetar i regi av Aktiv på dagtid i Aukra. Elektronisk påemeldingsskjema ligg i høgremenyen.

Du kan også ta kontakt med folkehelsekoordinator på e-post eller telefon. Innbetalingsgiro vert sendt i posten.

Aktivitetar

Du kan trene på treningssenteret ein gang pr veke i treningssenteret sine opningstider. Men mandag - onsdag og fredag formiddag er det fleire som trenar saman.

Måndag kl. 8.00 - kl. 11.00 Trening på Aukra treningssenter
Du kan trene med trimapparat.

Onsdag kl. 8.00 - kl. 11.00 Trening på Aukra treningssenter
Du kan trene med trimapparat.

Onsdag kl. 13.10 - kl. 14.10 Bassenggruppe på Riksfjord
Det blir høve til å ta del i organisert vassgymnastik leia av fysioterapeut.

Torsdag kl. 11.00 - kl. 13.00 Turgruppe med turleiar
Turar til ulike områda av kommunen og nabokommunar. Eige turprogram vert laga kvart halvår.

Fredag kl. 8.00 - kl. 11.00 Trening på Aukra treningssenter
Du kan trene med trimapparat.

Nye medlemmar i Aktiv på dagtid har det første året som medlem høve til å trene 1 gong per veke på Aukra treningssenter. Etter 1 år med trening på Aukra treningsenter får medlemmar i Aktiv på dagtid 10% rabatt på klippekort / medlemskort på treningssenteret ved å vise gyldig medlemskort for Aktiv på dagtid.

Utstyr
Bassenggruppe: Ta med badeklede og vassflaske.
Turgruppe: Ta på egna klede og sko til utebruk, og gjerne niste og drikke.
Treningssenter: Ta på egna klede og sko til innebruk. Hugs handduk og vassflaske.

Tips ein ven Skriv ut

Vedlegg

Tenesteforklaringar