Adressetildeling

Generelt

Kommunen har arbeidd med adressering av eigedommane i kommunen.

Planavdelinga har mottatt ein del spørsmål om korleis eigedomane vert nummerert. Prinsippet vi går etter kallas avstandsprinsippet. Det vil seie at ein adresserer eigedommane etter avstanden frå starten av vegen, angitt i nærmaste heile ti meter.

Eksempel frå adresserettleiar:«En avstand på 430 meter gir således adresse nr. 43, eventuelt 42 eller 44. Fordelen med avstandsprinsippet er først og fremst at en automatisk får reservert ledige nummer og en får parallell nummerering.»
 
Korleis du skal plassere husnummeret og kva størrelse tala bør ha:
Eksempel frå side 50 i adresserettleiar pkt. 11.3.3:
’’Adressenummerskiltet viser til den enkelte atkomst. Skiltet må plasseres tydelig. Dersom adresseobjektet ligger et stykke fra vegen må det settes opp skilt ved vegen. En bør ha egne skilt på huset i tillegg. Er det flere adresseobjekt må en ha flere skilt ved vegen og på huset. En må unngå å sette opp skilt på porter og lignende som ikke er synlige når de er åpne.’’

’’Vanligvis anvendes teksthøyde H = 105 mm og skilthøyde 150 mm. Skilt­bredden varierer med siffer-antallet som brukes og skal være 150 mm for 1-sifret tall, 220 mm for 2-sifret tall og 280 mm for 3-sifret tall.’’

 


 

Tenesteomtale

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal kommunen informere den registrerte eigaren eller registrerte festaren. Vedkomande og andre som blir påverka av avgjerda, skal få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse så snart det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingsløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn.

Adressa skal om mogleg knytast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå. Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. For eksempel kan kommunen tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Lover

Sjå 
Matrikkellova kapittel 4 Adresser til eigedommar og bygningar
Matrikkelforskriften Kapittel 12 Offisiell adresse og § 22 Klage over adressetildeling
Lov om stadnamn § 5 Fastsetjing av skrivemåten 

Matrikkellova
Forvaltningsloven
Forskrift om stadnamn
Stadnamnlova
Matrikkelforskriften

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 18:57

Artiklar og nyheiter