Hopp

Å starte ei bedrift

Har du ein god forretningsidé? Eller har du starta bedrift og treng hjelp til å kome deg vidare? Ta kontakt med ditt lokale hoppid.no-kontor! Dette er den naturlege plassen å starte for deg som har ein gründer i magen.

Hoppid.no
Dagleg leiar av Aukra næringsforum, Steinar Melbø, er kommunen sin "hoppid.no"-konsulent. Han kan rettleie dei som ynskjer å starte eiga bedrift.
Ta kontakt med han på telefon 911 64 064 eller på e-post steinar@aukra-naeringsforum.no
Sjå også nettstaden www.hoppid.no

Bedin
Bedin er ein nettstad for gründarar og bedrifter som skal gjere det lettare å starte og drive ei bedrift. Bedin gir all informasjon om korleis etablere ei bedrift og har ei rekke nyttige verktøy, guidar og malar for ei betre og enklare forretningsdrift. Tenesta vert drive av VINN for Nærings- og handelsdepartementet.

Etablerer
Eit offentleg finansiert gratistilbod for gründarar. Målsettinga er å leie etableraren fram til ein forretningsplan, og dermed ei avklaring på om forretningsidéen er god nok for bedriftsetablering. Les meir om etablerer.no

Tips ein ven Skriv ut