Heim»Planportal»Til høyring

Kulturminneplan for Aukra kommune 2017-2020 - Rullering av handlingsdelen - offentleg høyring

Høyringsfrist: 04.09.2017

Handlingsdelen av kulturminneplanen skal rullerast og vert no lagt ut på høyring.

Merknader til planforslaget skal sendast kommunen innan 04.09.2017, og vi ber om at de nyttar funksjonen "Send ein uttale til planen", der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg.

Saksdokument
Kulturminneplan for Aukra kommune 2017-2020

 


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

  • I tillegg til den utfyllande informasjonen Tor Arild Engstad har lagt inn ang. Kvernhuset ynskjer Sogenemnda at det er eit par nye punkter som skal settast inn i handlingsdelen.
    -Sogenemnda påpekar at gravhaugane i Julsundet manglar skilting, det bør settast inn på planen som et prioritert prosjekt. Haugane er lett tilgjengelig med sti som går tett inntil, men utan skilting er det mange som ikkje veit kva dei går forbi.
    -På sikt burde det også undersøkast om det er mogleg å gjære eit prosjekt rundt Eidskrem Setra på Julsundet.

    2017-09-04 09:05:50
    [Svar]
  • Vi ber om at punkt 7.21 blir endret til Kleivhaugen og Purkeneset krigsminneopprusting, tursti og skilting. Vi ber også om at det vurderes å legge inn lys i enkelte bunkerser for å gi synshemmede bedre tilgang/opplevelse av krigsminne.

    2017-09-01 10:01:08
    [Svar]
  • Uttale på vegne av Sogenemnda

    Først litt om korleis kverna var slik eg kan hugse det frå eg kom til Gossen i 1977.

    Bygget var forfallent og holdt på å ramle ned. Dammen var fylt med slam. Frå dammen til kvernkallen var det ei vikla trerøyr med ei dyse (av støypegods?) i utløpet.

    Røyr med dyse var sikkert brukt for å kunne ha god kontroll på det oppdemte vatnet og få stor kraft ut av lite vatn og lite fall.

    Etter restaurering er trerøyra bytta ut med ei renne og ei stor treluke for å opne i demninga. Dette gjer i første omgang at det er dårlig kontroll på vassmengden som slippast ned renna, og det går fort å tømme dammen.

    Når vatnet så treffer kvernkallen skulle ein no tru at stor vassmengde gir stor kraft, men det skjer det motsatte. Kvernsteinen går berre rundt uten kraft nok til å legge kvernsteinane sammen slik at korn kan malast. Dette fikk vi også erfare på opningsdagen etter restaureringa.

    Det kan være fleire årsaker til at kverna ikkje greier å dra rundt:
    Hovedårsaken, slik eg ser det er:
    1 - store vassmengder hopar seg opp rundt kvernkallen. Blir med rundt og fungerer dermed som ei bremse.
    2 - Kvernkallen står for langt nedi kulpen under kvernhuset. Kulpen fyllast med vatn som ikkje får tid til renne unna.
    3- Det ligg stein og grus i grøfta som hindrer rask avrenning frå kvernkallen.( Det er gjort forsøk på å rydde vekk noko, men med hakke og spade er det tungt å flytte på noko av den steinen som ligg der.)

    Etter restaureringa har det også vore nokre kraftige regnskyll som har medført så store vassmenger at det har rent over dammen og slusesystemet som skal lede vatnet utanom kverna. (Guttungar har fått skyld for dette. Frikjenn dem). Etter oppdyrking og kanalisering av området Ny jord er det ikkje lengre noko myr og tjørn som magasinerer vatnet. Det blir ein styrt som kjem raskt. Den store regnstyrten tok med seg sand og stein som vart liggande under kvernhuset. Store delar av dammen er fylt opp igjen med slam.

    Mi vurdering til utbetring:
    Kvernkallen må opp, slik at vatnet kan renne frå skovlen og ut i avløpsgrøfta.

    Vassrenna må endrast slik at ein har betre kontroll på vatnet. Luka som stenger inntaket no, legg seg ned sjølv når det ikkje står vasspress på den.
    Fjøla midt på renna for lede vatn til eller frå kvernkallen, er for enkel å nå i for alle og ein kvar.

    Still meg gjerne spørsmål.

    mvh

    Tor Arild Engstad

    2017-09-01 09:49:00
    [Svar]
Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Bilete kulturminneplan

Bilete kulturminneplan

Tips ein ven Skriv ut