Heim/Planportal/Til høyring/Avslutta høyringar

201702 Reguleringsplan for Falkhytten sentrum - oppstartsmelding

Frist for merknader: 21.08.2017

Aukra kommune melder med dette oppstart av Reguleringsplan Falkhytten sentrum i medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8.

Planområdet dekker tidlegare utarbeidd områdeplan for Falkhytten sentrum – basseng og kulturhus, planid 201201. I tillegg er det tatt med eit område langs FV 220 frå kryss med FV 216 nordover til kryss med Nautnesvegen. Føremålet med planen er å legge til rette for plassering av sentrale sentrumsfunksjonar som kulturhus, svømmebasseng, hotell, forretningsføremål, parkering og gatetun. Planen skal bygge på grøntdraget i kommuneplanen sin arealdel som strekker seg frå sentrum og austover mot friarealet «Buktin» ved sjøen.

Merknader til planarbeidet skal sendast kommunen innan 21.08.2017og vi ber om at de nyttar funksjonen "send ein uttale til planen", der det og er høve til å legge ved relevante vedlegg.


Høyringsperioden er avslutta., Det er difor ikkje lengre muleg å gje uttale på denne planen.


Uttale til saka

Uttalen vert synleg nedanfor. Uttalar som gjeld Aukra kommune sine plansaker vert registrert i kommunen sitt sak- og arkivsystem. Uttalar som inneheld sjikane og personangrep vert sletta.

Ønskjer du at din uttale ikkje skal visas på denne nettsida?

Huk av i boksen «Send skjult uttale» og fyll ut skjemaet under

Falkhytten sentrum

Falkhytten sentrum

Tips ein ven Skriv ut