falkhytten aust

201605 Reguleringsplan Falkhytten sentrum aust - Melding om planvedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, har Aukra kommunestyre i møte den 20.06.2017, sak 48/17, vedteke reguleringsplan Falkhytten sentrum aust.

Dokumenta er tilgjengelige på fylgjande stader:

  • Resepsjonen på kommunehuset
  • Kommunen sin planportal (www.aukra.kommune.no – Planar og høyringar – Siste vedtekne planar – 201605 Reguleringsplan Falkhytten sentrum aust – Melding om planvedtak).

Kommunestyret sitt godkjenningsvedtak for denne reguleringsplanen kan påklagast til fylkesmannen i Møre og Romsdal innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9, og forvaltningslova kapittel VI.

Krav om erstatning etter § 15-3, og innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må settast fram seinast tre år etter denne kunngjeringa, eller seinast tre år etter at eventuelle byggverk er fjerna.

Klagen skal være grunngjeven, og skal sendast til Aukra kommune, Aukraringen 25, 6480 Aukra eller post@aukra.kommune.no.

Saksdokument

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)

Plankart

Føresegner

Planomtale

Innkomne merknader etter høring

 

Tips ein ven Skriv ut