Skjermbilde

201604 Reguleringsplan Ormen Lange Gassbehandlingsanlegg, endring 01 - 1. offentlege høyring

Høyringsfrist: 15.12.2017

01. november 2017 - 15. desember 2017

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-10, 12-11 og 12-14, har Drift- og arealutvalet i møte den 25.10.2017, sak 26/17, vedteke å legge reguleringsplan Ormen Lange gassbehandlingsanlegg, endring 01, ut til 1. offentlege høyring i seks (6) veker.

Planforslaget vert lagt ut til offentleg høyring i perioden 01.11.2017 – 15.12.2017, og plandokumenta er tilgjengelege i resepsjonen på kommunehuset, og på kommunen sin planportal.

Merknader til planforslaget skal sendast til kommunen innan 15.12.2017, og vi ber om at de nytter funksjonen «send ein uttale til planen», der det og er høve til å leggje ved relevante vedlegg.

 

Saksdokument:

Særutskrift (saksframlegg med vedtak)

Plankart

Føresegner

Planomtale

Førespurnad om uttale angåande Håneset, veg og kai

Innkomne merknader etter melding om oppstart





Tips ein ven Skriv ut